Hopp til innhold

Færre enn 100 ulv i Noreg

Registrering av bestandane viser at det for fyrste gong på sju år er færre enn 100 ulvar i Noreg, melder NTB.

– Til saman i vinter er det påvist 16–18 ulverevir heilt eller delvis innanfor Noreg sine grenser. Det er ni ulveflokkar og sju til ni revirmarkerande par, seier Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.

Det er påvist ulvekull i tre heilnorske revir, ein nedgang på eitt kull frå i fjor. Seks kull er påvist i grenserevir, ned frå to i fjor, ifylgje Kindberg.

Stortinget har fastsett eit nasjonalt bestandsmål på 4–6 årlege ulvekull (ynglingar) i Noreg og i grenserevir. Minst tre kull skal vere fødde i heilnorske revir.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no