Evakuert frå bygg etter granatfunn
Det er funnen to granatar i loftsetasjen på eit bygg med både bustader og butikkar på Hamar. Kort tid etter konkluderte Forsvaret med at dei var ufarlege.
– Forsvaret vil fjerne dei frå bygget og destruere dei på ein eigna stad, seier operasjonsleiar Bård Einar Hoft i Innlandet politidistrikt til NTB.
Fleire gater i Hamar sentrum, i tillegg til bebuarar, butikktilsette og gjestar blei raskt evakuert. Evakueringa er no oppheva.
– Politiet har evakuert bebuarar og butikktilsette/gjester frå Strandgata 55 etter at det er gjort funn av to granatar under rehabiliteringsarbeid i loftsetasjen, skreiv Innlandet politidistrikt på Twitter.