EU og Nato lanserer militær innsatsstyrke for å sikra kritisk infrastruktur
I dag lanserer EU og Nato ei felles, militær innsatsstyrke som skal sikra kritisk infrastruktur i Europa. Det kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.
Bakteppet for den auka beredskapen er saboteringa av gassrøyrledninga Nord Stream, samt bruk av energi som våpen, skriv kommisjonen i pressemeldinga.
- Me må styrka motstandkrafta til vår kritiske infrastruktur til å alltid vera klar, seier EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen i pressemeldinga.
Von der Leyen og Nato-sjef Jens Stoltenberg annonserte dette samarbeidet den 11. januar. Fredag kjem von der Leyen til Noreg for å ha eit møte med statsminister Jonas Gahr Støre. Etter krigen i Ukraina har Noreg blitt EUs største leverandør av naturgass. Noregs olje- og gassinstallasjonar er ein del av det nye samarbeidet om samfunnssikkerheita mellom EU og Nato.