Hopp til innhold

ESA opnar sak mot Noreg etter nye innleigereglar

Overvakingsorganet ESA meiner innleigereglane i regjeringa bryt med EØS-avtalen, og opnar sak mot Noreg. Det opplyser dei om i ei pressemelding.

ESA informerte tidlegare i år norske styresmakter om at dei hadde fått fleire klager etter innføringa av tiltak som skal avgrense bruken av innleige i arbeidslivet.

I desember 2022 vedtok Noreg lovendringar som fjerna moglegheita for bedrifter til å bruke innleige når arbeidet er av mellombels karakter, til dømes for sesongarbeid eller produksjonstoppar.

ESA har ansvaret for å føre tilsyn med at EØS-avtalen blir gjennomført og etterlevd i det enkelte EØS/Efta-land. Dei er eit reint juridisk overvakingsorgan utan andre fullmakter.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no