Hopp til innhold

Eit russisk militærfly og eit helikopter skal ha krasja i Russland på grensa til Ukraina

Laurdag skal både eit russisk militærfly og eit helikopter ha krasja i den russiske regionen Brjansk, nær grensa til Ukraina, melder russiske Tass.

Flyet skal vere av typen Su-34, og helikopteret eit Mi-8.

Det siste skal ha styrta ned i byen Klintsy og ført til to dødsfall, skriv nyheitsbyrået vidare.

Tass siterer ein russisk tenestemann som fortel at innleiande informasjon tyder på at motoren tok fyr før det krasja.

Ingen av opplysingane er bekrefta frå uavhengig hald.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no