Drapssikta avhøyrt av politiet

Mannen som er gripen og sikta for drapet på Åros i Asker har forklart seg for politiet. Han blir framstilt for fengsling måndag.

– Klienten min er svekka etter hendinga, men han har gjeve ei kort forklaring i dag. Avhøyret held fram i morgon, skriv advokaten hans Johnny Veum til NTB i ein SMS.

Han skriv at klienten ikkje har teke stilling til skuldspørsmålet enno.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no