Hopp til innhold

Domstol i USA: Trump ikkje immun mot sivile søksmål etter kongresstorminga

Ein amerikansk ankedomstol avgjorde fredag at den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump må møta opp i sivile søksmål om hans rolle i storminga av Kongressen i Washington D.C. den 6. januar 2021, melder nyheitsbyrået Reuters.

Tidlegare har presidenten hevda at han som presidentkanditat har immunitet mot sivile søksmål, men domstolen slår fast at presidentkanditatar berre har immunitet ved offisielle handlingar.

Nå får mellom anna politifolk og polikarar ta ut sivile søksmål mot presidenten. Parallelt går straffesaka, og har ikkje noko å gjera med dagens rettsavgjerd frå ankedomstolen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no