Hopp til innhold

Dommen mot Sveits er berre byrjinga, seier Greta Thunberg

Klimaforkjempar Greta Thunberg seier dommen mot Sveits i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) berre er byrjinga, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Dette er berre byrjinga på klimasøksmål. Over heile verda er det fleire og fleire som tar styresmaktene sine til retten for å halde dei ansvarlege for handlingane sine, seier Thunberg.

Dommen frå EMD konkluderte med at Sveits har brote menneskerettar ved å ikkje gjera nok for å halde klimautsleppa nede.

Thunberg står i rosa regnjakke, brun hettegenser (med hetten på hodet) og hvitt og svart palestinaskjerf utendørs i Frankrike. Rundt henne står folk i regntøy og med paraplyer. Thunberg har hendene i lommen, smiler og ser mot venstre.
Foto: Fred Scheiber / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no