Hopp til innhold

Dødstalet stig etter jordskjelvet i Kina

Minst 74 menneske er omkomne og 250 er skadde etter eit jordskjelv sørvest i Kina måndag. I tillegg er minst 26 personar sakna.

Store redningsaksjonar har vorte sett i verk etter skjelvet som oppstod i Sichuan-provinsen og hadde ein styrke på 6,8.

Det skaka også bygningar i provinshovudstaden Chengdu, som har 21 millionar innbyggjarar og som er under omfattande nedstenging på grunn av koronapandemien.

Episenteret var 43 kilometer søraust for byen Kangding og var 10 kilometer djupt. Fleire tusen heimar har vorte øydelagde som følgje av jordskjelvet, og det er meldt om større jordskred som blokkerer vegar i provinsen.

Provinsen ligg der kontinentalplater møtest ved kanten av Tibetplatået og er ofte utsett for jordskred. Ifølgje den statelege kringkastaren CGTN vart det registrert fleire etterskjelv måndag.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no