Hopp til innhold

Djibouti: Brukar genmodifisert mygg mot malaria

I Djibouti har forskarar i selskapet Oxitec sleppt laus genmodifisert mygg for å kjempa mot malariamygg. Det skriv CNN.

Helseministeren i Djibouti seier landet prøver ny teknologi i eit forsøk på å redusere smitten av malaria, som rammar landet hardt.

Forsøket går ut på å introdusera eit gen i hannmyggen som gjer at når den parar seg med homyggen, overlever ikkje avkommet som er homygg vaksen alder. Det skal redusera omfanget av malaria, fordi det berre er homyggen som overfører sjukdomen.

Tiltaket blei sett i verk torsdag denne veka.

Djibouti er eit lite land, med kring 1 million innbyggarar. Landet har hatt ei dramatisk auke i malariatilfelle dei siste åra, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no