|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Leikanger: Jordal Eftf.Forretninga til Knut Jordal vart seinare overteken av svigersonen Edvard Eri og driven som Jordal Eftf. Publisert 02.01.2003 10:43. Oppdatert 14.02.2003 08:29.Her var Olav Rise styrar under 2. verdskrig, og han vart arrestert og torturert i hel av Gestapo då det kom fram at han hadde lagra våpen for Milorg i forretningsbygget. Også broren Mattis Rise arbeidde på butikken.
I 1952 vart Systrond Samvirkelag skipa. Dette overtok Jordal- butikken, med unntak av kaia og byggevarehandelen som vart driven vidare av firma Jordal Eftf. med Mattis Rise som styrar fram til samvirkelaget i 1962 kjøpte denne avdelinga også.
Systrond Samvirkelag gjekk inn i Sogn Samvirkelag i 1966.
I samband med at samvirkelaget tidleg på 1970-talet skulle utvide og byggje nytt på Hanehaug, vart det gjort eit makebyte med Leikanger kommune, som no eigde nabotomta der Sognefjord Sardine Co. A/S hadde halde til:
Samvirkelaget fekk overta fabrikktomta, medan kommunen overtok Jordal-eigedomane med kaia. Slik vart kommunen eigar av kaia, som vart bygt mykje ut i 1974 (sjå: Ferdsla på fjorden i Leikanger).
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|