|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samleside: MEIERI I SOGN OG FJORDANE |
Historia i Sogn og Fjordane: Meieria kom førstMeieribruket var først ute med samyrketiltak: Det første meieriet på samyrkebasis vart skipa på Tolga i Østerdalen i 1856.
Industri og næring i Hornindal: I 1933 vart det bygt eit lite meieri på Grodås. Mjølka vart m.a. frakta til meieriet med ein båt på Hornindalsvatnet. Denne gjekk på folkemunne for "Melkesedek".
Industri og næring i Luster:
Historia i Sogndal: Sogndal Meieri vart skipa som eit lutlag av 72 bønder i 1913, og dei bygde det til då største meieriet i fylket i Sogndalsfjøra i 1914.
Historia i Sogndal: Fjærland fekk sine to første meieri på Bøyum og i Mundal i 1896.
Historia i Sogndal: Då det i siste halvpart av 1800-talet vart aktuelt å byggje meieri i landet, stilte mange lokale sokneselskap seg i brodden for reising av slike.
Historia i Sogndal: Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab løyvde i 1864 pengar for å sende folk til opplæring i mjølkestell og meieribruk på eit privat "herregardsmeieri" hjå proprietær Garmann på Utstein kloster ved Stavanger. Den utvalde var Teodora Selseng frå Sogndal.
Historia i Sogndal: Frå 1830-talet vart det skipa såkalla "sokneselskap" i mange bygder. Desse utgjorde den lokale organisasjonen til "landhusholdningsselskapa" som for det meste vart styrde av embetsmenn som ivra for folkeopplysning og betre landbruksmetodar.
Industri og næring i Leikanger: På 1970-talet gjekk norsk konservesindustri inn i vanskelege tider. Difor starta eit arbeid for å samle saft- og syltetøyprodusentane på Vestlandet i eitt selskap.
FLERE SAKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|