Kråkenes fyr
vart bygd i 1906, avfolka 1983, og etter eit par år med omreisande fyrvaktarpersonell, vart det automatisert eit par år seinare. Under 2. verdskrig vart fyret utsett for flyåtak og brann ned, men vart gjenreist etter krigen. Kråkenes fyr har sidan 1994 vore brukt som bustad, kafé og overnattingsstad for turistar. Vertar er ekteparet Bettina Vick og Thomas Bickhardt.
Skongsnes fyr
i Nord-Vågsøy vart bygd i 1870. Fyret vart automatisert og avfolka 1985.
Ulvesund fyr
på fastlandssida ved skipsleia vart bygd i 1870. Ulvesund fyr vart automatisert og avfolka 1985.
|
Ulvesund fyr. Foto: Sven Poulsson, frå boka Norges fyr |
Hendanes fyr
ved Kvalsheimsvika i vest vart bygd i 1914. Fyret vart automatisert og avfolka 1963.
Krigsmål
Mange norske fyr vart på slutten av krigen angripne av allierte fly. Grunnen var at dei ville gjere det vanskeleg å navigere for tyske skip som frakta tropper frå nordflanken til kampane i Mellom-Europa.
På Hendanes fyr vart ein gut sterkt skadd etter eit slikt åtak. (Sjå )