SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Lærdal:

Plan om by på Lærdalsøyri

Øyragata på Lærdalsøyri. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Øyragata på Lærdalsøyri. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Lærdalsøyri vart den første staden i Sogn og Fjordane som det var aktuelt å gje bystatus.

Publisert 22.01.2002 15:50. Oppdatert 14.04.2003 14:54.
Den første som gjorde framlegg om dette var presten Peder Pavel Aabel (ættefar til Per Aabel - sjå Andreas Aabel) i 1838. Han hadde tenestegjort i Jostedal og Aurland, og var i 1838 sokneprest i Land då han sette fram ideen i eit innlegg i "Morgenbladet". Han argumenterte alt då med ei planlagd dampskipsrute mellom Bergen og Lærdalsøyri som ein lekk i "stamsambandet" aust-vest.

Den neste som kastar seg inn i by-diskusjonen er den seinare professoren og stortingsmannen Ludvig Kristensen Daae. I innlegget i "Morgenbladet" argumenterer han m.a. for Lærdalsøyri og andre nye "Kjøbsstæder" som motvekt mot handelsdominansen frå dei store byane.

Etter initiativ frå landhandlar Jan Henrik Nitter Hansen og sokneprest Nils Rosing Bull sende Lærdal kommunestyre i april 1839 ei oppmoding til statsmaktene om at Lærdalsøyri måtte få bystaus. Staden låg m. a. godt til rette som sentrum for "brennevinshandelen" i Indre Sogn, hevda kommunestyret!
Like etter vart saka teken opp i Stortinget av Mons Eggum (1787-1867) frå Sogndal, og 1839 vart det sett ned ein kommisjon som skulle greie ut "hensigtsmessigheden af et Kiøbstads Anleg på Leirdalsøren eller paa et andet i sammes Nærhed beliggende Sted i Indre Sogn". Med i kommisjonen var m. a. den seinare amtmannen Michael Conrad Sophus Aubert, som seinare skulle skjøtte embetet som fylkesmann frå Lærdalsøyri frå 1852 til 1860. Dei andre var kaptein Meidell frå Flesje (sjå: Offisersgard på Flesje) og to representantar frå Valdres og Hallingdal.

Kommisjonen vurderte også Skjolden, Årdalstangen og Kaupanger som aktuelle stader for ein by i Indre Sogn, men i 1841 la dei fram ei samrøystes tilråding om by på Lærdalsøyri. I 1842 gjekk regjeringa inn for at Lærdal skulle bli by samstundes med Haugesund og Namsos, men Stortinget avviste alle framlegga. Dei ville vente og sjå korleis den nyss vedtekne handelslova som oppheva byprivilegia slo ut før dei skipa nye byar. Dermed vart bytanken for Lærdalsøyri lagt til sides.
Som ein del av utgreiinga, fekk "by-commisjonen" med Aubert og dei andre tre utarbeidd ein stor "byplan" for Lærdalsøyri. I denne "Croquis af Lærdalsøren" teikna dei inn eit gatenett i kvadraturar heilt frå sjøkanten og austover forbi Hauge kyrkje.

Planen om by kom fram att i 1850. Kommunestyret i Lærdal var no delt i synet på bystatus: Mindretalet på 9 var redd ein by ville trekkje til seg fattigfolk og vere skadeleg for "moraliteten". Men fleirtalet tykte framleis det hadde noko føre seg med bystatus på Lærdalsøyri. I departementet vart saka lagt bort, og kom ikkje opp sidan.

Frå 1865 til 1900 gjekk folketalet på Lærdalsøyri tilbake med 200 personar. Svært mange drog til Amerika. I 2001 var det 1.016 innbyggjarar i kommunesenteret.

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no