Johan Paulsen
starta i 1901 bakeri i Måløy. Han bygde etter nokre år stor forretningsgard ved Torget. Seinare overtok sonen Harry Paulsen som dagleg leiar og skipa verksemda om til aksjeselskap. På det meste sysselsette bakeriet seks personar, og var eit av dei største av dei talrike bakeria i Måløy.
Brunvolds Mek. Verksted
var den første store slippen i Ytre Nordfjord, grunnlagt i Måløy 1904 av John Brunvold frå Harøya. Dreiv slipp og motorservice fram til ca. 1980, då eigedomane vart kjøpte for utviding av Inter-Com-Terminalen på Gotteberg. Verkstaden og bustadhuset vart rive 1985.
vart starta i 1904 av Henrik Gillesvik i Hagevik nord for Trollebø.
grunnlagt 1912 av ing.
Ellef Ellefsen. Dreiv til konkurs i 1920 slipp i Måløy sentrum.
Ulvesund Dampmeieri
grunnlagt 1914 av Reiel Eldevik. Han dreiv meieriet i det som seinare vart heitande «Brunsvik-huset». Meieriet nedlagt 1919.
Sumstad Bakeri og konditori
i Måløy vart starta i 1915 av Ingebrigt Sumstad. Seinare overtok sonen Birger Sumstad. Firmaet bygde kring 1950 stor forretningsgard ved Gate 1, der dei også dreiv «Liljen» kafe og konditori.
|
Eit tidleg bilete av Nordfjord Preservering. Foto frå Fylkesarkivet. |
vart bygd på Seterneset i Måløy i 1920. Verksemda fekk seinare namnet Nordfjord Preservering.
på Raudeberg, grunnlagt av Gustav Blålid 1922.
Bernhard Tunold starta bakeri på Bryggja i 1924 ei leigde lokale.
vart grunnlagt 1926 av
Kristen J. Sunde. Låg først på Midtgård. Frå 1958 til nedlegging i 1990 heldt det til på Gotteberg.
Einar Sætren
starta sykkelverkstad og produksjon av varmeomnar i Måløy i 1928. Verksemda har sidan 1984 heitt Sætren Installasjon AS, har i 2002 25 tilsette og er den største verksemda i distriktet innan elektroinstallasjon, automasjon og teleinstallasjonar. Firmaet har avdeling i Rugsund i Bremanger kommune og eiga skipsavdeling på Raudeberg.
vart grunnlagt i 1936 av Reidar Verlo, som overtok utstyr frå det konkursråka Moldøen Mek. Verksted.
Kloggfabrikk
Ola Kassen starta kloggfabrikk (ein slags tresko) på Totland i 1942. I 1947 bygde han eigen fabrikkbygning. Kassen var også flink til å reparere bandsagblad for folk.
Gjengedals snikkarverkstad
vart starta i 1942 i Almenningen av Josef Gjengedal. Han bygde eigen fabrikk i 1950, og dreiv produksjon av dører, vindauge, trapper og andre innreiingsartiklar.
Kvalheim & Rønning bilverksted vart starta i Måløy i 1946 av Torleif Rønning og og Andreas O. Kvalheim.
på Kapellneset på Raudeberg, grunnlagt 1949 av Abraham Kongsvik, Alf Sandvik og Alf Johnsen.
|
Selstad lagar m.a. denne flytetråden. |
vart grunnlagt i 1953 av brørne Harald og Alf Selstad. Sal og vedlikehald av reiskap til fiskeflåten og oppdrettsnæringa. (Sjå video øvst på sida.)
Trevarefabrikk i Almenningen. Grunnlagt 1957 av Steinar Dybedal, Jørund Almenning og Ragnar Nesheim.
Vågsøy Ferdigbetong AS
starta i i 1976 i Vågsvåg. Her er det også pallefabrikk. Sjå:
J. Steenslid AS.
BFG – Best Fishing Gear
– i Deknepollen vart grunnlagt av
Bodvar Vetrhus og Gunnar Carlson i 1999. Verksemda produserer egnemaskiner til lineflåten.
Gruveselskap med hovudkvarter i Bærum, som m.a. driv utvinning av olivinstein frå gruvene i Lefdal, og med knuseverk og utskipingskai på Kalneset ved Bryggja.
er ei mekanisk verksemd som vart skipa i 2005 med m.a.
Gunnar Carlson, Ken Carlson, Eivind Flister og folk på Sunnmøre som eigarar.
Nordvestvinduet Bygg og Innbu AS
– sjå
Bygg og Innbu A/S.