SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Høyanger:

Vadheim og vonbrota

Vadheim vart eit leiande handelsenter, trafikknutepunkt og industribygd kring 1900. Men det kunne blitt mykje meir dersom også andre utviklingsplanar hadde vorte realiserte:
Kring 1900 var det ikkje berre Edgar Allen Ashcroft som sikra seg fallrettar kring Vadheimsfjorden.

Publisert 19.10.2001 13:35. Oppdatert 20.11.2001 11:43.
På austsida hadde fossespekulantar kjøpt dei viktigaste fossefalla i 1899. Ei tid var det aktuelt å utnytte fossekrafta til storindustri på Hovland i Vadheim, men i staden vart elvane demde av og regulerte over til Høyanger. Kraftstasjonane der gav grunnlaget for aluminiumsverket i 1917.

Kring første verdskrig låg det føre store planar om jernbaneferge Flåm-Vadheim og jernbaneliner nordover til Trondheim. På den vide øyra ved Vadheimsfjorden vart det sett av plass til stor jernbanehamn; Vadheim jernbaneterminal. Der ifrå skulle toga gå nordover gjennom ein tunnel mot Ytredalen og Sande.
Ei anna jernbaneline skulle verte ei vestlandsk stamjernbane frå Bergen til Trondheim, med jernbanehamner i Tredal på sørsida og Vadheim på nordsida for kryssing av Sognefjorden. Lina gjekk på folkemunne for "Trædals-lina" etter den største agitatoren for prosjektet, stortingsmann Lasse Trædal. Utviklinga av bilismen på 1920-talet sette bom for jernbaneeventyret både i Vadheim og elles i fylket.

Førre side:
· Vadheim Elektrochemiske Fabrikker
Neste side:
· Den mislukka cellulosefabrikken

Les også om:
· Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane
Hovedside:
· Bygdesenteret Vadheim





MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no