SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle:

Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

I tida frå 1880 til første verdskrig la alle landsdelar storfelte planar om utbygging av jernbanen. Kampen om lineval prega den offentlege debatten.

Publisert 29.08.2001 09:31. Oppdatert 28.01.2004 10:51.
Sogn og Fjordane opplevde frå hundreårskiftet og framover ein sterk økonomisk vekst: På kysten skapte eit eventyrleg torskefiske sterk vekst i Måløy og Florø. I fjordbygdene blomstra turistnæringa, og industriselskap la planar for ei storfelt utbygging av vasskrafta og kraftkrevjande storindustri m.a. i Høyanger.

Kampen om linevalet

Drakampen om jernbanespora starta då linevalet for Bergensbanen (Oslo-Bergen) skulle fastsetjast. Indresogningane mobiliserte: Dei ville ha Bergensbanen bygd omlag etter same line som E16 fylgjer idag gjennom Lærdal og Aurland. Eit folkemøte i 1890 i Sogndal med 300 deltakarar sette press bak kravet, og fekk seinare støtte frå fylkestinget. Men trass i mannsterke delegasjonar og intens lobbyverksemd, vedtok Stortinget i 1894 at Bergensbanen skulle byggjast over høgfjellslina Voss-Finse. Som ein kompensasjon vart det vedteke å byggje sidespor til Flåm, men det skjedde etter ein bitter feide med Vik, som kjempa for sidespor frå Voss til Vik over Vikafjellet. Frå Flåm skulle toget skyssast med jernbaneferge over Sognefjorden.

Jernbane gjennom heile fylket

Også på nordsida vart det kamp om linevalet vidare: Sogndal og Luster ville ha jernbanehamn i Sogndal og samband til Lom og Otta gjennom Jostedalen. Midtre Sogn lanserte Hella-Fjærland-Skei med tunnel under Jostedalsbreen og stakk til og med lina. Men den sør-nordlina som til slutt sigra, var Vadheim-Førde-Sandane. Frå denne kunne det byggjast sidespor til den nye industribyen i Høyanger og til fiskerihamnene Måløy og Florø. I Florø regulerte ein jamvel plass til ein stor jernbanestasjon i Hesteneset! I Gaular var det m.a. aktuelt å leggje sidespor frå hovudlina ved Sande og ned til Bygstad.

På Hovlandsøyra i Vadheim og på Austrheim ved Sandane skulle det byggjast jernbanehamner, sjå t.d. Vadheim jernbaneterminal og "Plan om jernbanehamn på Austrheim". I Vadheim kunne ein seinare knyte seg til ei vestlandsk "stamjernbane" frå Bergen – den såkalla Trædals-lina. - Men kvar skulle jernbanen gå vidare frå Nordfjord? Stryningane kjempa for jernbane over Strynefjellet til Otta. Nordfjordingane lenger vest ville ha jernbanen via Sunnmøre til Trondheim.

Alle kjempa for sitt

"Alle" kjempa for jernbanespor til sin kommune. Fylkesmann Ingolf Christensen måtte bruke all sin autoritet for å presse gjennom ei nøktern ynskjeliste. Utan ei hard prioritering ville ikkje distriktet få noko, hevda han. Det viktigaste var å sikre sidesporet frå Bergensbanen til Flåm. Dernest "stambana" Vadheim-Sandane.
Og slik vart det: I transportplanen frå 1920 vart desse to prioriterte, men berre Flåmsbana vart bygd og gjort ferdig av tyskarane i 1940. Fylkesmann Christensen fekk bysten sin på sokkel på Flåm stasjon som "Flåmsbanas far".

Vegar som kompensasjon

Resten av dei storfelte jernbaneplanane på Vestlandet støva ned i ein skuff fordi bilen viste seg suveren som landverts transportmiddel i den fjordrike landsdelen. Som plaster på såret for dei som hadde tapt kampen om jernbane, øyremerkte Staten i mellomkrigstida pengar til bygging av såkalla "kompensasjonsvegar".

Sjå dei lokale planane:
· Jernbaneplanar i Sogndal
· Jernbaneplanar gjennom Jostedalen
· Jernbaneplanane i Vik
· Trædals-lina
· Vadheim jernbaneterminal
· Jernbaneplanar og Hemsedalsveg

Realiserte baner:
· Bergensbanen (Oslo-Bergen)
· Flåmsbana
· Jernbanen i Aurland

Lokalbane:
· Jernbanen Tangen-Øvre Årdal
· Tannstangsbane Stalheim-Gudvangen


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no