|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Førde - kraftutbygging: Jølstravassdraget | Huldefossen. Foto: Ottar Starheim. |
I Jølstravassdraget vart fallrettane til Hulde-fossen (90 meters fall) ved Mo jordbruksskule, Stakaldefossen og Brulandsfossen kjøpt i 1898 av fossespekulantane Henrik Christian Fredrik Størmer, Krag og Knutsen frå Oslo. Publisert 18.09.2001 14:30. Oppdatert 23.05.2007 13:45.Sogn og Fjordane fylke kjøpte seinare fallrettane til Huldefossen frå dei tre Oslo-mennene. I 2004 har Sogn og Fjordane Energi AS reist krav om å få overta fallretten til Huldefossen frå Sogn og Fjordane fylke.
Brulandsfossen tilbakeOrdførar og sparebankdirektør Ole Martinus Erdal sytte i 1910 for å kjøpe fallrettane i Brulandsfossen tilbake til bygda, og i 1914 vart det kommunale kraftverket sett i drift.
| Brulandsfossen og kraftverket i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
Utbygging av BrulandsfossenKraftverket har seinare vorte bygd ut i fleire etappar, siste gong av Sunnfjord Energi kring 1990. Like etter denne utbyggjinga opplevde ein katastrofalt svakare laksefiske i Jølstra, og elva vart frå 1992 stengd for alt fiske i fire år. Seinare er det opna for avgrensa fiske etter sjøaure. Villaksen er freda. Elveeigarar og Sunnfjord Energi fører sak om kraftreguleringa i Brulandsfossen er årsak til svikten i fisket.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|