|
Trond Grimeland er ein av dagens journalistar i Firda. |
Avisa vart grunnlagt 1917 av
Kristian Ulltang. Han fekk med seg kring 20 personar i Førde for å skipe eit bygdeblad for Indre Sunnfjord, slik at ein kunne ”fristille seg frå Florø-avisene”, som det vart sagt. Aksjekapitalen var 2.000 kroner, fordelt på 100 aksjar! Avisa var partipolitisk nøytral.
Etter at Ulltang trekte seg ut av avisdrifta, leigde han sidan ut utgjevarretten for Firda til Olai Nordeide. Frå 1919 kom avisa ut med to nummer i veka. Avis og trykkeri heldt frå 1921 til 1938 til i Kristian Ulltangs hus ”Nøisomhet” i Teigen. Huset står framleis, og no eigd av dottera Borgny Ulltang.
I 1938 flytta avis og trykkeri over i Olai Nordeides hus på nordsida av Jølstra. I 1966 vart avishuset i Elvevegen ved Jølstra utvida, det som seinare har vorte aktivitetssenteret ”Elvahuset”.
|
I dette huset - no aktivitetshus - heldt Firda til frå 1938 til 1989. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
I 1942 vart Firda overteken av nazistane, og Olai Nordeide vart erstatta av ein nazivenleg redaktør fram til freden i 1945. A/S Det Nye Firda dreiv avisa i krigsåra.
I 1989 flytta avisa over i nytt avishus til 37 mill. kroner på Øyrane. I 1990 kjøpte avishuset Firda
Øens Prent og skipa då Firda Trykk. I 1991 kjøpte avishuset 31 prosent av aksjane i video-produksjonsselskapet
Vest Vision.
|
Avishuset Firda på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
Firda har avdelingskontor i Askvoll, Dale, Florø, Høyanger og Sandane.
I 1996 selde Nordeide-familien Avishuset Firda til A-pressen. Det einaste som vart halde unna salet, var den gamle avisbygningen ”Elvahuset”.
I 2007 starta Firda nettradio på internett.
Sjå også: