Ny kanadisk statsborgar teken i Kina
Canadas utanriksminister stadfester at nok ein kanadiar, gründeren Michael Spavor, har blitt arrestert i Kina. Det er den andre arrestasjonen av kanadiarar i Kina etter Canadas arrestasjon av Huaweis finansdirektør.
Meiner May fekk eit svakt resultat
Jacob Rees-Mogg er ein av initiativtakarane bak det interne opprøret mot Storbritannias statsminister. Han er ein av fleire May-motstandarar i det konservative partiet som meiner resultatet av mistillitsvoteringa var dårleg for partileiaren, sjølv om ho fekk støtte frå er eit klart fleirtal. Rees-Mogg meiner framleis at May bør trekke seg.
Trump kallar eksadvokat ein løgnar
– Han er ein løgnar, skal Donald Trump ha sagt då det blei kjent at hans eksadvokat Michael Cohen er dømt til tre års fengsel, ifølgje CNN. Førre veke skreiv Trump på Twitter at «han laug og burde, etter mi meining, sone ei fullverdig straff».
- Les meir: