Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 11. desember

• 32 arrestert ved Mexico-grensa
• Par i 70-åra mista bustad i brann
• Mote skal bli meir klimavennleg

Dette skjedde i natt, 11. desember 2018
Foto: REBECCA BLACKWELL/ REBECCA BLACKWELL / AP/AFP

32 arrestert ved Mexico-grensa
Amerikanske styresmakter har arrestert 32 personar etter demonstrasjonar mot USAs asylpolitikk ved grensa til Mexico. 31 av dei er arrestert for å ha teke seg ulovleg inn på statleg eigedom, og éin person er arrestert for å ha gått til åtak på ein politimann.

Demonstranter arrestert ved Mexico-grensa

Demonstrantar frå ulike religiøse trussamfunn vart arrestert.

Foto: Rebecca Blackwell / AP

Par i 70-åra mista bustad i brann
Eit eldre par vart køyrd til traumemottaket på Kalnes sykehus, medan bustaden deira utanfor sentrum av Halden var heilt overtent og totalskadd natt til tysdag. Mannen har fått brannskadar. Også tre naboar blei evakuert.

Mote skal bli meir klimavennleg
Motegigantane H&M, Hugo Boss, Puma, Adidas og Levi's skal om 32 år ikkje lenger sleppe ut klimagassar. Selskapa har i ei felles pressemelding i samband med FNs klimatoppmøte i Polen kunngjort at dei skal gå saman om å skjerpe ambisjonane på klimafeltet.

Klimaaktivister i Polen

Klimaaktivistar demonstrerer under klimatoppmøtet i Polen.

Foto: Alik Keplicz / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no