NRK Meny
Navalnyjdemonstranter på Tverskajagaten
Foto: Morten Jentoft

Demonstrasjonar på Putins bursdag

Oppsummert

Det var demonstrasjonar mot Vladimir Putin i 80 russiske byar laurdag.

  • – 66 arresterte i St. Petersburg

    Ei uavhengig gruppe seier at 66 demonstrantar er arresterte etter anti-Putin-demonstrasjonen i St. Petersburg i dag. Det har vore demonstrasjonar mot Putin i 80 russiske byar i dag. Vladimir Putin er sjølv frå St. Petersburg.

  • Mange arresterte i St. Petersburg

    Opp mot 100 personar er arresterte under demonstrasjonen mot Vladimir Putin i St. Petersburg i dag. Det er demonstrasjonar til støtte for opposisjonsleiaren Alexej Navalnyj og mot Putin i 80 russiske byar i dag. Putin fyller 65 år i dag.

  • Fleire tusen demonstrerte mot Putin

    Fleire tusen tilhengjarar av den russiske opposisjonsleiaren Alexej Navalnyj demonstrerte i Moskva og rundt 80 andre byar i dag, på fødselsdagen til Vladimir Putin. Demonstrantane krev blant anna at Navalnyj må få stille i presidentvalet neste år.

    Demonstrasjon
Demonstrasjon

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no