Hopp til innhold

Dansk TV 2: Skyting på kjøpesenter

Fleire personar fortel til danske TV 2 om skyting på kjøpesenteret Fields på Amager i Ørestaden i København.

Ifølge Ekstrabladet har det kome fleire meldingar frå folk som har høyrt skot. Det skal også ha vore rundt 150 menneske som har rømt ut av kjøpesenteret.

Det skal vere fleire politibilar på staden. Vegane omkring er sperra av.

Københavns Politi stadfestar at dei har rykt ut med stort mannskap etter meldingar om skyting.

Kjøpesenteret ligg i nærleiken av Kastrup flyplass.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no