Hopp til innhold

Danmark hentar inn militæret for å passa på jødiske bygg

– Konflikten i Midtausten har ført til ein uakseptabel auke i antisemittisme og utryggleik for jødar i Danmark, seier den danske justisministeren Peter Hummelgaard.

Grunna frykt for terror, har den danske regjeringa difor sett inn militæret for å passa på jødiske og israelske stadar i København.

Frå og med 6. desember kjem dei til å passa på mellom anna synagogar og den israelske ambassaden, melder NTB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no