Hopp til innhold

Brann i bustad i Karmøy kommune

Politi og naudetatane rykker ut til melding om brann i bustad i Karmøy kommune.

Brannvesenet er kome til staden og startar sløkking av brannen. Det er observert flammar ut av taket på bustaden.

Dei veit førebels ikkje om det er personar inne i bustaden, seier vaktleiar Nils Simmerøy hjå Sør-vest 110-sentral.

– Røykdykkarar driv med søk, seier han til NRK.

07.20 skriv politiet at brannen er sløkt. Det skal ikkje vera fare for andre bygg i nærleiken.

Politiet seier at dei ikkje har grunn til å tru at det er folk i huset.

– Per nå ser det ikkje ut til at det er personer innendørs, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Roger Litlatun.

Det er ein person som bur i huset som politiet førebels ikkje har kome i kontakt med.

Brann i bolig på Karmøy
Foto: Jostein Viestad / Press Photography

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no