Hopp til innhold

Børsbrannen - Toppen av det ikoniske spiret klarte seg

Tysdag kollapsa det ikoniske dragespiret på toppen av den gamle børsen i København.

Store delar av bygget er totalskada etter storbrannen. Onsdag var det derimot eit lyspunkt i sløkkingsarbeidet.

Redningsmannskapet har funne toppen av av spiret i god behald. Det har altså overlevd flammane og fallet.

– Eit lite lys i mørket, skreiv Brian Mikkelsen, administrerande direktør i Dansk Erhverv på X.

Dansk Erhverv er arbeidsgivarorganisasjonen som eig bygget i dag. Dei fekk overrekt toppen av spiret frå redningsmannskapet.

– Det har ikkje vore mogleg å redde Børsen

Store delar av den historiske børsbygninga i Danmarks hovudstad er øydelagt etter storbrannen. Årsaka er framleis ikkje kjent.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no