Hopp til innhold

Boeing-kapsel er på veg mot ISS

Boeings Starliner-kapsel vart i natt skoten opp frå Florida og er på veg mot Den internasjonale romstasjonen (ISS). Om alt går etter planen, skal kapselen nå fram til ISS natt til laurdag, melder NTB.

Starliner-kapselen er delvis gjenbruksbar, og kan frakte opptil fire personar. Nasa kallar oppskytinga ein milepæl. Dersom den ubemanna testflyginga vert vellukka, vil USA ha to uavhengige system for å fly oppdrag til og frå romstasjonen.

Boeing Staliner skutt opp 19. mai 2022
Foto: John Raoux / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no