Hopp til innhold

Ber om stans i valkampen i Slovakia

Slovakias påtroppande president Peter Pellegrini ber om at EU-valkampen i landet blir innstilt, etter at statsminister Robert Fico blei skoten onsdag, melder fleire nyheitsbyrå.

Sittande president Zuzana Caputova skal ha eit felles møte med partileiarane for å dempe dei politiske spenningane.

Fico blei hardt skadd i skytinga, og tilstanden hans skal vere stabil, men alvorleg, ifølge sjukehuset der han er innlagd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no