Hopp til innhold

Barth Eide: Har hatt samtaler om Midtausten under klimatoppmøtet

På klimatoppmøtet vart også situasjonen i Midtausten diskutert, fortel utanriksministar Espen Barth Eide (Ap) til NRK.

Han seier UD mellom anna har jobba via Qatar for å få ut nærmare 60 nordmenn, også nå medan dei er i Dubai, kor mange av partane er tilstade.

Kven har vore utslagsgivande?
– Det må vera semje mellom Egypt, Israel og dei som har kontroll inne i Gaza. Den gode nyheita nå er at alle på lista praktisk talt er klarerte.

Kva rolle har Quatar no framover?
– Dei har ei nøkkelrolle i alt dette. Både når det gjeld det praktiske med å få ut gislar, men også med å koordinera partane.

Kva dialog har det vore rundt situasjonen i Midtausten her på klimatoppmøtet?

– Me har nytta høvet godt fordi om lag alle aktørar har vore her, også Israel og Gaza. Me har snakka mykje om dette, og det er ei stor interesse for å få det over i eit anna spor. Ikkje minst er det ynskeleg å sjå korleis ein kan gjera noko med situasjonen på Vestbredden. Me har diskutert dette med mange av nabolanda, og det er stor uro for regional spreiing.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no