Barbie: Største opningshelg nokosinne for ein kvinnelig regissør
Greta Gerwig skreiv kinohistorie då «Barbie» spelte inn heile 155 millionar dollar denne opningshelga. Dette er den beste opningshelga nokosinne for ein kvinneleg regissør.
«Captain Marvel» heldt tidlegare rekorden.
«Barbie» har sett fleire kinorekordar, mellom anna som årets største opningshelg. Filmen har også dratt nordmenn inn i kinosalane denne helga.
I Noreg selde «Barbie» 105.404 billettar gjennom helga. «Oppenheimer», som også hadde premiere i helga, selde 74.125 billettar.
– Dette er historiske kinotal, seier administrerande direktør Espen Lundberg Pedersen i bransjeorganisasjonen Film & Kino.