Bank ID er delvis nede
BankID er utilgjengeleg for fleire brukarar, både på mobil og med kodebrikke
Det melder selskapet sjølv på si eiga nettside.
Problemet oppstod rundt 14.30, stadfestar kommunikasjonssjef for BankID, Hege Steinsland.
Dei anslår at rundt halvparten av alle som har prøvd å logge inn med sin BankID er råka.
– Vi jobbar på spreng for å finne ut av feilen, seier Steinsland.