Hopp til innhold

Åtvarar mot å kjøpe feriereiser

Du bør ikkje kjøpe flyreiser for sommar- eller haustferien no, meiner Europeiske Reiseforsikring.

Selskapet varslar at dei ikkje vil halde fram å betale ut til kundar som har blitt råka av flytrafikkstansen i Europa.

Kundar som reiser ut av Noreg frå og med i dag, må betale meir sjølve om dei blir ståande fast i utlandet.

- Dei som tek fly ut av Noreg i dag, kjenner til risikoen for at det kan bli vanskeleg å kome heim, seier ass. informasjonssjef Emma E. Vennesland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no