Hopp til innhold

Asia hardast råka av ekstremvêr

Asia er framleis den verdsdelen som opplever flest klima- og vêrkatastrofar. Det viser ein ny rapport frå World Meteorological Organization (WMO).

Flaum og storm står for dei fleste rapporterte skadar og økonomiske tap. Samstundes er hetebølgene blitt meir alvorlege, ifølge rapporten.

I 2023 mista 2000 personar livet som følge av ekstremvêr i verdsdelen. I tillegg var 9 millionar menneske direkte råka av uvêret.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no