Hopp til innhold

Anker ikkje avvising av lakseskatt-søksmål

Verdas største lakseoppdrettar Mowi og milliardær John Fredriksen saksøkte i fjor staten. Dei meiner at lakseskatten er eit brot på Grunnlova og EØS-reglane.

I slutten av april avviste Hordaland tingrett søksmålet. No er det klart at Mowi har valt å ikkje anke avgjerda.

– Staten har vunne fram med at Stortinget sitt lovvedtak om grunnrenteskatt på oppdrett ikkje kan prøvast på generelt grunnlag, noko Mowi no aksepterer. Det er ei viktig prinsipiell avklaring, seier Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted.

Staten meiner at Mowi må vente til dei har eit konkret skattevedtak å klage på, og at det ikkje er grunnlag for å gå til søksmål mot eit vedtak frå Stortinget. Det sa tingretten seg i april samd i.

Mowi meiner saka i tingretten var av rein prosessuell karakter om når dei kan få prøvd saka om lovlegheita av botnfrådraget i den nye grunnrentemodellen.

– Vi har valt å ikkje anke då det i praksis ikkje vil kome ei avgjerd frå lagmannsretten før eit likningsvedtak er klart, og vi uansett kan gå vidare med søksmålet. Så dette endrar ingenting, seier kommunikasjonssjef i Mowi, Ola Hjetland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no