Hopp til innhold

Avviser lakseskatt-søksmål mot staten

Lakseoppdrettsgiganten Mowi og milliardær John Fredriksen saksøkte i fjor staten. Dei meiner at lakseskatten er eit brot på Grunnlova og EØS-reglane.

No har Hordaland tingrett avvist søksmålet.

Staten meiner Mowi må vente til dei har eit konkret skattevedtak å klage på, og at det ikkje er grunnlag for å gå til søksmål mot eit vedtak frå Stortinget. Det er Hordaland tingrett samd i.

– Tingretten har, etter staten sitt syn, kome til eit riktig resultat. Dersom denne avgjerda blir ståande, betyr det at saka stoppar opp i rettssystemet i denne omgang, seier Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted.

Begge partar har no ein månad til å vurdere om ein vil anke avgjerda til lagmannsretten.

– Vi har nettopp motteke retten si avgjerd og må setje oss grundig inn i innhaldet før vi kan kommentere, skriv kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Hjetland, i ein SMS.

Mowi-sjef Ivan Vindheim.

Mowi-sjef i retten om lakseskatten: – Vi får ei konkurranseulempe

Verdas største lakseoppdrettar, Mowi, og milliardær John Fredriksen, møter staten til lakseskatteslag i Bergen tinghus torsdag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no