57 personar drukna så langt i år

Så langt i år har 57 personar drukna, ein nedgang på 17 prosent frå same tid i fjor. Det melder Redningsselskapet i ei pressemelding.

Fagleiar for drukningsførebygging, Tanja Krangnes, seier auka fokus på sikkerheit kan ha bidratt til nedgangen.

– Dei siste månadane har det vore ei rekke hendingar der liv har blitt redda fordi nokon i nærleiken oppdaga drukningsulykkene i tide, seier Krangnes.

I august drukna fem personar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no