Hopp til innhold

Noreg vil halde fram med å gi USA forsyningar

Forsvarsminister Tore O. Sandvik seier Noreg vil halde fram å gi USA og amerikanske styrkar forsyningar når dei er i landet.

– Vi har sett norske og internasjonale medieoppslag som har skapt usikkerheit rundt støtta til amerikanske marinefartøy i Noreg. Dette er ikkje i tråd med regjeringa sin politikk. Eg kan bekrefte at all etterspurt støtte er gitt. Noreg og USA har eit nært og sterkt forsvarssamarbeid, og amerikanske styrkar vil fortsatt motta den forsyninga og støtta dei treng frå Noreg, seier han i ei pressemelding.

Laurdag sa det norske private selskapet Haltbakk Bunkers at dei ikkje lenger vil selge drivstoff til amerikanske skip i Noreg etter USAs president Donald Trump skjelte ut den ukrainske presidenten.

E-tjenesten, PST og NSM legger frem årets trusselvurderinger
Foto: NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no