Hopp til innhold

Lavrov har kome til G20-møte

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov er på plass i Johannesburg i Sør-Afrika for å delta på G20-møtet.

Torsdag hadde han eit eige møte med den kinesiske Wang Yi før hovudmøtet starta.

G20-møtet går føre seg få dagar før treårsmarkeringa for Russlands invasjon av Ukraina.

Det er venta at europeiske diplomatar vil gi uttrykk for ei styrka støtte til Ukraina.

USAs utanriksminister Marco Rubio skal ikkje delta på møtet.

G20 er eit samarbeidsforum for dei 19 landa som har definert seg sjølv og kvarandre som dei viktigaste økonomiane i verda.

I tillegg er EU og Den afrikanske union medlemmar av forumet.

Noreg deltek som gjesteland i 2025, og er representert ved utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Russian Foreign Minister Sergei Lavrov and Chinese Foreign Minister Wang Yi meet in Johannesburg
Foto: Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no