Hopp til innhold

Trekker tilbake torskefilet etter e.coli-funn

Lærøy Seafood trekk tilbake Prima torskefilet frå butikkane. Årsaka er funn av e.coli i produktet, melder selskapet sjølv i ei pressemelding.

«Dersom produktet ikkje blir varmebehandla tilstrekkeleg, kan det utgjera ein helseskade for forbukar», skriv dei.

Tilbakemeldinga gjeld for produktet 800 g Prima torskefilet med best før-dato 03.02.2025.

Produktet er solgt i alle REMA 1000-butikkar over heile landet, ifølge selskapet.

Torskefilet Prima
Foto: Lærøy Seafood

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no