Hopp til innhold

Fleire arresterte etter masseskytinga i Moskva

Den russiske tryggingstenesta FSB har arrestert tre nye personar etter masseskytinga i eit konserthus nær Moskva i mars, skriv Reuters.

Ein av dei tre skal vera russisk statsborgar, medan dei to andre har utanlandske statsborgarskap og er opphavleg frå Sentral-Asia.

Ifølge FSB skal to av dei ha overført pengar til kjøp av våpen og køyretøy som vart brukt i angrepet 22. mars. Den tredje skal ha vore direkte involvert i å rekruttera medskyldige til angrepet og finansiera gjerningsmennene.

Fleire enn 140 personar mista livet i åtaket.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no