Hopp til innhold

Nordmann vann Emmy i natt

Espen Nordahl fekk i natt Emmy for arbeidet sitt med HBO-serien «The Last of US».

Nordahl saman med Storm Studios var nominert i kategorien «beste visuelle effektar i ein sesong eller film». Nordahl sjølv arbeider med VFX-effektar.

Han gjekk på scena i Los Angeles for å ta imot den gjeve prisen i natt.

«The Last of us» var den store vinnaren med åtte Emmyprisar under årets utdeling.

Håvard Munkejord var også nominert i natt for «beste visuelle effektar i ein episode» i serien «Shadow and Bone», men nådde ikkje toppen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no