Hopp til innhold

FN-sjefen fordømmer kuppforsøket i Gabon

FNs generalsekretær António Guterres fordømmer forsøket på eit militærkupp i Gabon i Afrika, melder nyheitsbyrået Reuters.

Guterres ber militæret og sikkerheitsstyrkane om å garantera for presidenten og hans familie si «fysiske integritet», seier ein talsperson i FN. Han oppfordra også alle involverte partar til å handla med varsemd, delta i inkluderande og meiningsfull dialog og respektera menneskerettane og rettsstaten.

Tidleg onsdag morgon, annonserte høgståande offsierer i Gabons militære at dei hadde kuppa makta i landet, og at valresultatet frå helgas val var annulert. Det var sittande president Ali Bongo, som blei gjenvald for tredje gong, som hadde blitt utnemnd som valvinnar.

Då valdagen gjekk mot slutten, kutta regjeringa internett og kunngjorde nattleg portforbod, noko opposisjonen anklaga for å vera svindel. Totalt 14 presidentkandidatar stilte til val. President Bongos parti har sitte med makta sidan Gabon blei fritt frå dei franske kolonimaktene i 1960. Militær-offiser Brice Oligui Nguema er utpeika som overgangsleiar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no