Hopp til innhold

FHI: Liten nedgang i fødslar i første halvår

I første del av 2023 blei det fødd 26.327 nye nordmenn. Det er ein liten nedgang på 0,4 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser dei førebelse tala frå FHI.

I første kvartal blei det fødd 12.476 barn, som er det lågaste talet sidan Medisinsk Fødselsregister starta registreringane i 1967. Men fødselstala fekk ein oppsving i andre kvartal med 13.851 fødde, som er ein 3 prosent auke frå same periode i fjor.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no