Rapport: Fødande kvinner kan gi jordmødrer høyrselsskadar
Støynivået under ein fødsel kan vere ein risiko for dei som jobbar på fødeavdelinga, viser ny rapport.
– Jordmødrer og barnepleiarar bør bruke øyreproppar, seier høyrselsekspert ved Sintef Tron Vedul Tronstad til Fagbladet.'
Undersøkinga har kartlagt støynivået på fødeavdelinga på Ullevål sjukehus. Målingane viser at skrik frå fødande kan komme over 130 desibel, som er godt over lydnivået på ein rockekonsert. I løpet av ei vakt blir jordmødrer og barnepleiarar utsett for støy som i snitt ligg på 73 desibel.
Kor skadeleg denne støyen er, kjem an på kor lenge ein blir utsett for lyden, gjennomsnittleg volum og det høgaste lydnivået.