Hopp til innhold

Pasient ved Sykehuset Østfold fekk insulin ved ein feil

Sykehuset Østfold vedgår svikt i rutinane etter at ein pasient ved ein feil fekk insulin tidlegare i år. Pasienten fekk ingen skadar.

Sjukehuset opplyser til VG at ei forveksling av hetteglas var årsaka til feilen.

– Pasienten skulle ha eit anna medikament som skulle trekkast opp frå eit hetteglas, og dei to hetteglasa stod ved sidan av kvarandre. Prosedyre og eigenkontroll og dobbeltkontroll blei ikkje følgd, skriv sjukehuset i ein e-post til avisa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no