Hopp til innhold

Færre overdosedødsfall i 2021 enn året før

I 2021 var det 241 overdosedødsfall. Talet på døde av overdosar har ikkje vore så lågt i Noreg sidan 2013, skriv FHI på sine nettsider.

I 2020 var talet 331. Seniorforskar i FHI Ellen Amundsen, seier auka i 2020 og nedgangen i 2021 kan ha samanheng med tiltaka for personar med rusmiddelavhengigheit opna igjen, etter å ha vore stengt i deler av det første pandemiåret.

Amundsen understrekar at det ikkje har vore ein søkkande trend dei siste 10 til 12 åra. I perioden 2010 til 2021 har talet på dødsfall variert rundt eit gjennomsnitt på 269 dødsfall kvart år.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no