ATV-ulukke i Drangedal
Naudetatar har rykka ut til ei ATV-ulykke i Drangedal i Telemark. Politiet fekk melding om at ein person var fastklemd, men no er laus. Politiet er på staden saman med ambulanse. Føraren skal ha falle av ATV-en i fart. Dei er i kontakt med personen. Skadeomfanget er ukjent, og politet skriv at dei ikkje har informasjon om årsak. Luftambulanse skal vera på veg.