Kongen avlyser pga. ryggsmerter
Kong Harald er plaga med vondt i ryggen og avlyser difor fleire planar denne veka, opplyser Slottet. Kongen melder forfall til norske Raudekrossen sitt 150-års jubileum i morgon og til eit møte med Norske Idretts-veteraner torsdag.