Hopp til innhold

Dagbladet: Jente (15) funnen død i skog i Finland

Ei femten år gamal jente er funnen død i ein skog i Finland, skriv Dagbladet.

Politiet har starta drapsetterforsking i Valkeakoski i Finland.

Jenta kom aldri heim etter å ha vore ute i skogen med ein annan ungdom fredag kveld. Ho blei seinare funnen død i skogen av ungdommen ho var med.

Det finske mediet Iltalehti skriv at ingen av dei ho var saman med er mistenkte for drapet.

Politiet har starta drapsetterforsking, og jobbar med å kartlegge kva som har skjedd. Dei gjer tekniske undersøkingar på staden.

Politiet oppmodar folk som kan ha sett noko i området Valkeakoski sentrum, Jyräänmäki og Naaka mellom fredag kveld og laurdag klokka 02.00, om å gi beskjed.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no