Hopp til innhold

Vil registrere automatspelarane

Norsk Tipping vil at alle som spelar på automat, skal spele registrert. Selskapet vil overvåke og utestenge dei som spelar for mykje. Ordninga kan vere på plass i løpet av eitt år.

Spilleautomat
Foto: Kjetil Malkenes Hovland / NRK

Dei spelegalne kan framleis tape inntil 1600 kroner per time på dei nye automatane, men Norsk Tipping jobbar med ei registrerings-ordning som skal gi dei betre kontroll.

 

 

 

Spillerkort, Norsk Tipping
Foto: Paal A. Svendsen / NRK

- Banebrytande konsept

- Vi jobbar med eit konsept som vi håper skal bli ganske banebrytande, seier Norsk Tipping-direktør Reidar Nordby.

- Vi vil bruke spelekortet til å regulere speleaktiviteten med. Har du først spelt på ein automat, er det registrert ein gong for alle, slik at det ikkje nyttar å flytte seg over på ein annan, fortel han.

Ei slik registrering betyr at folk med speleproblem kan stengast ute frå automatspelinga for kortare eller lengre periodar. Men Norsk Tipping meiner det er for tidleg å fastsetje grensene på kor mykje du kan tape før du blir utestengd.

Vil ha forsvarlige grenser

- Det tør eg ikkje svare på no, men det skal vere fullt ut forsvarlege grenser. Folk skal ikkje spele seg frå gard og grunn og skape problem for både seg sjølv og familien. Det ser vi mange eksempel på i dag, og dette skal vi vekk frå, fastslår Nordby.

Norsk Tipping-direktøren håper ordninga kan vere på plass i løpet av eitt års tid.

Den første utgåva av monopol-automatane som blir plassert ut frå nyttår av, har ikkje slike registrerte spel. Men automatane skal likevel overvåkast grundig frå Hamar, og med eit tastetrykk kan kontrollørane legge til eller fjerne spel som folk taper mykje pengar på.

 

Ny spilleautomat
Foto: Kjetil Malkenes Hovland / NRK

Treigare automatar enn før

Informasjonssjef  i Norsk Tipping Arve Sjølstad fortel at farten er kraftig redusert frå dei gamle automatane. På eit rulettspel tek det ti sekund før du får vite om du vinn eller ikkje. På dei tradisjonelle hjulspela tek det kring fire sekund før du får vite om du vinn, mot kring ett sekund på dagens automatar. Det treigaste spelet på dei nye automatane brukar 26 sekund for kvar gong du trykker på speleknappen.

- Hastigheit er det viktigaste. Er spelet raskt, blir du ståande lenger framfor automaten. Difor har vi redusert farten, fortel Sjølstad.

På Hamar skal han og resten av Norsk Tipping sitje og ha elektronisk kontakt med alle speleautomatar. Dei vil overvåke alle automatar i landet, og dersom eit spel viser seg å bli for populært, blir det bytta ut med eit treigare og meir keisamt spel.

På dei nye automatane kan du vinne 1500 kroner per spel. Då får du kvittering på at du har vunne, og så må du bytte spel. Du kan maksimalt tape 1600 kroner per time, ifølgje Norsk Tipping.

 

Reidar Nordby
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

- Føler moralsk ansvar

Men trass i at tapa blir mindre, vil selskapet tene mykje pengar på å ta over ansvaret for automatane. Dei gamle automatane omsette for over 20 milliardar kroner i året, og Norsk Tipping tippar dei vil omsetje for mellom fem og ti milliardar kroner årleg.

- Vi føler definitivt eit moralsk og sosialt ansvar og har vore betenkt mange gongar når vi har sett korleis denne marknaden har utvikla seg, seier direktør Reidar Nordby, som likevel er overtydd om at monopol er det beste.

- Vi kunne sjølvsagt tilrådd at ein ikkje skulle gjere dette, men vi trur ikkje at eit totalforbod i den eine og andre sektoren er vegen å gå, for då dukkar det gjerne opp i illegale former i staden.

AKTUELT NÅ